Norsk Reiselivsmuseum, Balestrand
Norsk Reiselivsmuseum, Balestrand Foto: Ivan Brody

Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Reiselivsmuseum ligg vegg i vegg med Kviknes Hotell i tettstaden Balestrand. Museet opna våren 2016 eit nytt praktfullt utstillings- og driftsbygg. Ved hjelp av digital utstillingsteknologi fortel vi deg historia om framveksten av norsk reiseliv fram til i dag.

Det spektakulære nybygget opna våren 2016. Bygget er skore ut i grunnfjellet, noko som gjer dette til ein attraksjon i seg sjølv. Dette har gjeve spesielle utstillingslokale, med store estetiske kvalitetar. Dette har ein prøvd å ta vare på i konstruksjon av ustullingane, der det er omfattande bruk av digital utstillingsteknologi. Norsk Reiselivsmuseum disponerer og tre antikvariske byninger på kaia i Balestrand.

Norsk Reiselivsmuseum er konsolidert med De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, som er ein del av Musea i Sogn og Fjordane.

  • Atlanterhavsvegen
  • Hardangerfjorden
  • Bøyabreen
  • Saltstraumen
  • Låtefoss i Hardanger
  • Polarsirkelen, Saltfjellet
  • Vik i Sogn
  • Glomma
  • Vikinggard, Karmøy
  • Kjøsnesfjorden i Jølster
  • Attraksjon på Hemsedalen